Ein vaktmeister, tilset ved ein ungdomsskule på Sunnmøre, har blitt tiltala for å ha kyssa ei femten år gamal jente fleire gonger mot hennar vilje.
Mannen erkjenna ikkje straffeskuld, og nekta å betale bota på 10.000 kroner. Hendinga blir samanlikna med tidlegare, liknande episodar sidan det kan vere aktuelt å krevje fengselsstaff. I dei tidlegare sakene har forbrytarane fått inntil 45 dagar i fengsel. Saka blir difor teken vidare i retten. Forsvararen til mannen vil ikkje kommentere saka før rettssaka er ferdig.
Hendinga blir òg sett på som spesielt alvorleg grunna at det skjedde på skulen sitt område, sidan barn og unge skal kunne kjenne seg trygge på skulen.
"Det gjør at man ser mer alvorlig på saka, enn om det var utenfor skolevesenet," seier politiadvokat Kjell-Sigve Haugland til NRK i Møre og Romsdal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar