
Følar du at det er noko som manglar til din iPod? No har produsenten Altec Lansing kome med eit nytt produkt som skal gje deg nye opplevingar ved bruk av din gamle iPod. Produktet har fått namnet The Mix og er inspirert av det glade 80-tallet. Der høgt hår og ghettoblastaren hang saman som erteris.Her slepp du frykta av bandsalat frå kassettspelaren. The Mix er nemleg godkjent for både iPod og iPhone, noko som gjer at du kan ta imot samtalar sjølv om spelaren er i bruk. Det som også eg eit ekstra gullkorn er at du også kan koble til andre MP3-spelarar, via jack-pluggen.
Men kva får du eigentleg? Det første du ser er dockingstasjonane til iPod/iPhone i fronten, og viss du koblar til andre einheitar via jack-inngangane, kan du også kose deg med glidande overgangar i musikken, mens du vekslar mellom dei ulike einheitane. Med The Mix kan du altså leike DJ, noko som er morosamt i teorien, men som kan bli slitsamt på fest når alle kranglar om å få høyre sin favorittsong.
For å nemne noko om høgtalarane, så har The Mix to hornlada diskantar og mellomtone-einheitar, samt ein 5.25” subwoofer , noko som bør klare å pumpe ut bassrytmar til di store glede og kanskje naboen din sin forarging.
THE MIX
- Hornlada diskantar for breie spreing utan uklarheitar
- Subwoofer med slave-einheit gir formidabel bass
- FM-radio – Mottaking utan forstyrring med teleskopisk antenne og moglegheit til å programmere fire stasjonar
- Strøm og batteri: Bruk stikkontakten eller dropp leidningane og få opptil 30 tima speletid – med åtte D-cellebatteri. Batteristatus kan du sjå på LCD-displayet .
- Doble AUX IN jacks: Du kan koble til to forskjellige lydeinheitar til The Mix via 3.5 mm jack-pluggar.
- Fjernkontroll, som du kan du feste på The Mix slik at du ikkje mistar den under transport
- Oppringingspausar: Den pausar automatisk ved oppringing på iPhone.
- Fri for interferenser: The Mix er immun overfor forstyrrande signaler frå iPhone og iPod Touch (WiFi og mobilnett)
- Oversikt og kontroll: Songnummer, artist, album og radiostasjon ser du på LCD-displayet. The Mix kan styrast via fjernkontrollen eller knappane på displayet.
- Universal dokk til iPhone og iPod – iPhone og iPod Touch ladar mens musikken spelar.
The Mix kjem snart i butikkane, og vil ha anbefalt utsalgspris på cirka 3.000 kroner.
Maren Haugen Gjervik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar