tirsdag 27. oktober 2009

Er Barack Obama den rette fredspris vinnaren?

Den 9.10.2009 blei det stort oppstyr rundt Nobels fredspris. Det Norske folket var i sjokk etter at det var den Amerikanske presidenten Barack Obama som fekk tildelt prisen.

Nobel fredspris er ein internasjonal pris som utdelast årlig av Den Norske Nobelkomite, som blei fastsett av Alfred Bernhard Nobel.
Nobels fredspris er blitt kalla ”Verdens mest ærefulle pris”
og blir delt ut til den personen som har gjort noko
bra for folket. Fredspris vinnaren blir medaljert,
får ein personleg diplom og eit stort prisbeløp.

Det Norske folket blei sjokkert når prisen for 2009 gjekk til Barack Obama. Dei fleste folk meiner han ikkje har gjort noko bra for folket, men berre kome med idear. Maren Haugen Gjervik er einig med dette. Ho synest at den Amerikanske presidenten ikkje fortener prisen, fordi han ikkje har gjort noko bra for folket, men at han berre har visjonar som han har tenkt å oppfylle i framtida. Alle dei andre som har fått prisen, har gjort noko godt og noko viktig for menneskeheita. Grunnen til at Obama får prisen, trur Maren er fordi Noreg vil smiske med Amerika og få Noreg meir ”på kartet.”

Likevel står Nobel-komiteen fast ved besluttninga si og Nobel-komiteens leder Thorbjørn Jaglan utaler seg til nettavis om akkurat kvifor han blei vald. ”Barack Obama blei tildelt den årlege fredsprisen for sin ekstraordinære innsats for å styrke demokrati mellomnasjonalt samarbeid. Han har som president skapt eit nytt klima i internasjonalt diplomati med dialog og forhandlingar føretrekkast som verkemidlar”

Barack Obama var overrasket og ydmyk då han fekk vete om prisen. ”Eg følar ikkje eg fortener å bli tildelt denne prisen, som er tildelt så mange eg beundrar”, sa presidenten under pressekonferansen foran det kvite hus. Han anser heller ikkje prisen som ein anarkjennelse av sin eigen innsats, men av forhåpningar verden har til han.

I fjord gjekk prisen til den finske Martii Ahtisaari for innsatsen som fredsmeklar i ein rekke konfliktområdar over verden. I år blir det gjett til ein som har tent håp i freden, men som endå ikkje har gjort noko for freden. Nokre av det Norske folket meiner dette var ein stor feil, men komiteen står fast ved sin besluttninga. No er det berre å vente på at Barack Obama skal gjere noko av det han seier, men først skal ha ta imot fredsprisen som blir utdelt den 10.desember i Oslo Rådhus.

(Bildet er henta frå ” Vårt land." Bildet er tatt etter at Barack Obama haldt eit kort pressekonferanse om sin reaksjon på å ha blitt tildelt Nobels fredspris.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar