tirsdag 27. oktober 2009

Bli med på OD!

Kvart år blir det arrangert Operasjon Dagsverk ved Hafstad Vidaregåande skule. Operasjon Dagsverk er ein solidaritetsaksjon styrt av elevar. Tanken bak denne solidaritetsaksjonen er at ungdom i Noreg skal bruke ein av sin dag til å arbeide for utdanning til ungdom andre stadar i verda. I år skal dei norske ungdommane som vel å vere med på dette, arbeide for funksjonshemma ungdommar i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Dette som dei norske ungdommar skal arbeide for, er det dei sjølve som stemmer fram kvart år. Alternativt dagsmål kan vere alt frå husvask til vaffelsal til andre kreative idear.


Årets Od-komitè ved Hafstad Vidaregåande skule består av elevar frå 1. og 2. klasse. Det er desse elevane som har ansvar for organiseringa av OD-dagen. I tillegg har dei fått i oppgåve å arrangere Internasjonal Dag, som står i samband med Operasjon Dagsverk. Internasjonal Dag er ein dag der alle elevane brukar ein heil dag på å få eit innblikk i kvardagen til desse funksjonshemma ungdommane i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda ved ulike leikar og presentasjonar.



F.v. Tina Hyllestad, Andrine Aas Wie, Kristina Sæterdal (leiar), Charlotte Eilin Friis,
Emilie Krumsvik, Anette Nygård og Solgunn Røyrvik


Leiar i Od-komiteen Kristina Sæterdal fortel at Hafstad Vidaregåande skule fekk inn i fjor 110.00 kr. " I år venta vi å få inn endå meir enn i fjor. Målet vårt er som det er kvart år, at flest mogleg ungdom skal delta," seier ho. Kristina og resten av gjengen oppfordrar derfor alle elevar ved Hafstad Vidaregåande skule til å vere med på denne dagen.


Gjer som Kristina, bli med på OD!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar