tirsdag 27. oktober 2009

Elevar fortvilar seg over mangel på stikkontakter

Elevar ved Hafstad vidaregåande skule klagar over dårleg tilgang til straum når dei skal jobbe med oppgåver i klasseromet som krev bruk av berbar datamaskin. Elevar meinar dette er for dårlig infrastruktur når dagens skulegang krev meir bruk av berbare hjelpemiddel.

Elev ved Hafstad vidaregåande, Linn Iren Kalland, som går i tredje klasse meinar infrastrukturen er alt for dårlig til bruk i dagens samfunn. Ho fortel det at det er nokre få stikkontaktar heilt framme som er tilgjengeleg, og at desse blir skøyta heilt til bakarste rad, som igjen fører til masse leidningar og surr. Det er ein kamp om å få straum frå skøytepaddene sidan det berre er eit avgrensa anntal uttak.

Administrativ leiar ved skulen, Inger Karin Oppeland, fortel at dette står på planen, men dei manglar midlar. Skulen prioriterar først vg1 sidan alle skal bruke berbar datamaskin, og derfor blir midlane først brukt der. Ho fortel at elevane som går på vg1 no skal bruke berbar datamaskin i heile skulegangen, og derfor blir lokala tilrettelagt når desse elevane startar på nye trinn. Derfor skal lokala som vg3 nyttar etter planen få innlagt stikkontaktar om 2 år.

Linn Therese Solheim som også er elev meinar dette er totalt uakseptabelt og at dei bør prioritere alle elevane som treng stikkontakt no. Også fleire elevar meinar dette er alt for dårlig.

Inger Karin Oppeland opnar for at det kanskje kan bli aktuelt å gje ut fleire skøytepadder som ein midlertidig løysing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar