fredag 23. oktober 2009

Operasjon Dagsverk



Heilt sidan starten i 1964, har Operasjon Dagverk hjulpet fleire millionar menneskjer. Den fyrste Operasjons Dagsvert klarte ungdomane å samle inn kr 103.000,-, som gjekk til gjennoppbygging og opprustning av skulebygningar i Algerie. Operasjons Dagsverk har endra seg mykje sidan då, dei har vokst og er i dag Noregs største solidaritetsaksjon for ungdom. I dag jobbar over 120.000 ungdomar inn over 30 millionar kroner kvart år, for å kunne gje ungdomane i sør moglegheiten til utdanning. Til saman, frå 1964 til i dag har Operasjons Dagsverk jobba inn nesten èin milliard kroner, og både ungdomen i sør og norske ungdomar har fått utdanning gjennom Operasjons Dagsverks kampanjar og prosjekter.
Operasjon Dagsverk vil kunne hjelpe funksjonshemma ungdom i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda med å få skulegong, betre sjølvtillit, sosiale møteplassar og jobb.
I år, skal pengane ungdomane samlar inn gå til utdanning av ungdom med nedsett funksjonsevne i fire afrikanske land: Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar