fredag 23. oktober 2009

Ei spesiell oppleving på ENOVA gründercamp

Vinnarlaget

Torsdag 22. Oktober deltok 18 elevar frå VG2 kjemi og biologi ved Hafstad VGS, og elevar frå Øyrane VGS, og Flora VGS på ENOVA gründercamp i Førde. Dette er ein treningsleir for kreativitet og nytenking, der ein held fokus på smarte energiløysingar.

Innanfor tidsramma av arrangementet blei deltakarane presenterte for eit oppdrag eller problemstilling som dei skulle løyse. Studentane jobba i grupper, gjerne samansatt frå ulike studieretningar, der dei blei utfordra til å tenke nytt og kritisk. Til slutt presenterte gruppene løysingane sine for ein jury, og beskreiv og argumenterte for kvifor akkurat deira svar var dei beste. Energiløysinga som gikk til topps var ideen om ein turladar. Kristina Erikstad Sæterdal og Håkon Aleksander Hartved Olsen frå 2STB, saman med Kine Berg Ålhus frå Øyrane VGS, og Ole Jakob Lid og Daniel Brandesæter Trettevik frå Flora VGS var dei kreative ungdomane bak vinnarideen.

Målet med gründercampen var å motivere framtidas energibrukarar i klimaproblematikk, skape effektive løysingar for enten hus, lading av elektronisk utstyr eller energieffektivisering i kvardagen.

På nyåret skal vinnarlaget delta på Nasjonal Gründercamp med fokus på Energi i Trondheim 27 - 29 Januar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar