tirsdag 27. oktober 2009

Fashion fail?

Kvar andre veke er det nokon nye som har miljøveke her på Hafstad vgs. Miljøveke vil sei at ein klasse har ansvaret for å halde det ryddig og gjere noko godt for miljøet på skulen.

I veke 42 og 43 var det 2D som stod for tur til å ha miljøveke. Dei hadde fått ein idè om å ha "bad-taste" dag, fredag 23.oktober i veke 43, der alle skulle kle seg i "bad-taste" klede.
Noko tok mot til seg og kledde seg ut, men det var ikkje alle som var like modige den dagen.
Det vart til og med delt ut premiar til den klassen og den personen som hadde mest "bad-taste" den dagen. Premiane var ein twistpose til klassen, og ein twistpose til den personen som vant. Premien til den klassen som vant gjekk til 1D, og til den personen som hadde mest "bad-taste" på skulen den dagen gjekk til Anita i 1D.

1D, beste klassen.

2D på "bad-taste" dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar