tirsdag 27. oktober 2009

Operasjon Dagsverk 2009


Fredag 30 oktober er det tid for operasjon dagsverk. OD 2009 går til utdanning til ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Det er frivillig å delta på OD og innsatsen med ein dags arbeid med mål om å få inn minimum 300 kr som skal bidra til OD sitt formål.

- Når du er funksjonshemma ser folk på deg som ei tom bøtte. Ein ubrukelig ting. Dei forventar at du tigga, seie Dickson frå Malawi som mista foten i ei bilulukke.

I det sørlege Afrika får ni av ti med funksjonshemming aldri gå på skule, noko som er til stort hinder for eigenutvikling og inkludering i samfunnet. Holdningane ein møter i samfunnet og menneskjer rundt seg, er for mange ein av dei største utfordringane for nokon med ei funksjonshemming. Utan utdanning vil desse ungdommane aldri få sjansen til å bidra i samfunnet eller forsørgje seg sjølv. Dei blir ein bortgøymd del av samfunnet som ikkje tør eller får sjansen til å bidra i samfunnet sjølv om dei ønskjer det. Mang foreldre held ungane sine med svekka syn, hørsel, bevegelse eller ein utviklingshemning heime. Skulane trur ikkje dei kan lære noko og dei blir ståande utan skuletilbod eller noko anna tilbod i samfunnet. OD vil kunne hjelpe funksjonshemma ungdom i Malawi, Uganda, Mosambik og Sør-Afrika til å få: Skulegang, sjølvtillit, møteplassar og jobb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar