
Bad-taste-dagen gjekk ut på at alle som var inviterte kunne kle seg så stygt dei berre ville for ein heil dag. Så skulle arrangør-klassen kåre beste klasse og beste person. Klassen hadde på førehand annonsert med fine premiar.
Annonseringa med fine premiar såg ikkje ut til å hjelpe, for då dagen kom viste det seg at det berre var nokre få stk i kvar klasse som hadde kledd seg ut. T.d. var det berre ein gut i 3.klasse som hadde tatt til seg motet og kledd seg ut. Elevane i 2D tykte resultatet var skuffande.
(Biletet over: Brynjar frå 2D tok bad-taste-dagen seriøst og stilte villig opp for fotografen. Foto: Jostein Fossøy).
Den beste klassen som vann det heile, var 1D. Dei vann suverent, med 15 av 30 elevar utkledde. Beste utkledde person var Anita i frå 1D. I tillegg til desse var det berre to tilsette som kledde seg ut. Desse fekk heiderleg omtale under premieutdelinga i kantina i matfriminuttet.
Sjølv om 2D ikkje fekk med seg så mange på det dei arrangerte, har dei no eit veldig godt utgongspunkt når miljøprisen skal delast ut!

1D vann prisen for beste klasse!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar