Internasjonal dag blir kvart år arrangert i samarbeid med operasjon dagsverk. Grunnen til at det blir arrangert internasjonal dag er for å få folk engasjert og å gi dei kunnskap om kva OD jobbar for. I Førde kommune har det i år blitt lagt til Førdehuset, og eg har intervjua leiar frå OD komiteen her på skulen, Kristina Sæterlid frå 2B samt Emilie Krumsvik frå 1C, angåande aktivitetar og mål for årets ID.
OD 2009 går til utdanning til ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Aktivitetar som er planlagt for årets ID varierar frå foredrag til morosame leikar. Ein leik som som alltid har vore veldig populær er nord mot sør fotball. Då spelar «sør-laget» med ein eller annan form for handikap, for eksempel med bind for auga eller tau rundt føtene. Andre aktivitetar som vert arrangert denne dagen er som nevnt foredrag, i tillegg til diskusjon og film.
«Det er mange skular som deltek i den internasjonale veka, men dessverre ikkje så mange vidaregåande skular», seier Kristina. Grunnen til at ho har meldt seg inn i årets OD komite er at det har eit bra formål, det er utfordrande og sosialt. «Også er vi med på å gjere noko bra for andre», legg Emilie til. Dei oppfordrar så mange som mogleg til å delta på OD dagen og den internasjonale veka.