tirsdag 13. april 2010

Premierefest


Vinnarane av beste film: Desse laga filmen "On The Run". F.v. Anne, Line, Torstein og Harald.

Måndag 12.april var det duka for premierefest for alle filmane elevane i 2MIK har laga. Både raud løpar, velkomstdrink og blomar var på plass. Vi kan bøye oss i støvet, Hilde K.A!

Tekst og foto: Ina Steiro Herstad

Det vart vist i alt 6 filmar, både korte og lange. Alle filmane vart godt mottekne av publikum, det vart applaudert etter kvar einaste film. Etter filmframsyninga bevega heile følgjet seg til kantina for litt snacks og premieutdeling. Det vart også delt ut premiar i heile 22 kategoriar, kan blant anna nemne; årets gjennomsnittlege, årets mest malplasserte effekt og årets mest langdryge. Prisen for årets beste film gjekk til "On The Run", laga av Harald, Torstein, Line og Anne.

Litt forsyningar må til!

torsdag 25. mars 2010

Ekskursjon til Berlin

Ein gjeng på rundt 40 stk reiste på utanlandseksursjon til Berlin. Natt til måndag tok heile gjengen buss til Bergen, også vidare med fly til Berlin. I 12-tida landa vi på Scönefeld og vart frakta med buss til hotellet, som ligg i nærheita av Kurfürstendamm, ei sentral handlegate i Berlin. Resten av dagen brukte elevane på å gjere seg kjende i nærområdet rundt hotellet. Det var ikkje akkurat så kjekt å gå ute å vandre, for det var nemleg ekte vestlandsvêr denne dagen!
Tysdag morgon reiste vi av stad på byrundttur i buss og saman med guide. Der fekk alle sjå mange av Berlin sine kjende bygningar og stadar. Det vart òg lagt nn fotostopp undervegs. Etter nokre timar guiding der alle (forhåpentlegvis alle) hadde blitt betre kjend med Berlin, fekk vi utdelt u-bahn/s-bahn/buss-billett som vi kunne bruke alle dagane. Vi fekk ein leksjon av lærarane i korleis bruke u-bahn og s-bahn før vi fekk bruke tida på å gå på museum, vandre rundt i Berlin og sjølvsagt shoppe.
Onsdag morgon reiste vi til den tidlegare arbeidsleiren Sachsenhausen som ligg eit stykke utanfor Berlin. Leiren var aktiv under 2.verdskrig, og ei stund etter det også. Denne dagen var det opphaldsvêr og kaldt så omvisninga gjekk fortare enn planlagt. Vi fekk omvisning i leiren av ein svensk guide. Trur alle fekk eit inntrykk av korleis det var å vere fange i denne leiren. Det vart for eksempel fortalt korleis fangane testa sko for tyskarane. Det vart produsert sko, også skulle fangane teste desse ved å gå rundt og rundt i ein sirkel med ulikt underlag i 50 km (!). Dersom skoa var gode nok, vart dei selde i butikkar.
Sachsenhausen.

Etter guidinga i Sachsenhausen reiste vi tilbake til Berlin sentrum. Også no fekk alle bruke resten av dagen på eiga hand. På kvelden reiste nokre på musikalen "Dirty Dancing", nokre på "Pink Floyd" og nokre reiste i dyrehagen.


Torsdag var det "stadterkundigung". Elevane vart delte inn i grupper og fekk i oppgåve å finne fram til ein bestemt stad i Berlin ved hjelp av alle tilgjengelege offentlege transportmiddel. Nokre fekk ein stad dei skulle finne fram til langt i frå sentrum, medan andre fekk ein stad som var litt nærmare. Alle kom seg heldigvis heilskinna heim att! Resten av dagen vart sett av til eigen disposisjon (dvs. meir shopping kanskje...)

Fredag var avreisedag. Nokre var leie av å vere i storbyen, andre kunne godt tenkje seg å vere nokre dagar til. Denne dagen var det ekte vårvêr i Berlin, og det frista lite å kome heim att til regn og slaps. Bussen gjekk i frå hotellet i 10-tida. Bagasjen vart sjekka inn, sikkerheitskontrollen vart gjennomført, og det vart handling på tax-freen. Flyet skulle gå 12.45, men det vart forseinka med ca 30 min. Også i Bergen vart det meir handling på tax-freen, og klokka vart nærmare halv 5 før vi kunne sette kursen mot Førde att. På vegen ut i frå flyplassen hamna vi midt i ettermiddagsrushet og brukte uhorveleg lang tid ut i frå sentrum. Men etter kvart løyste det seg opp. Vi var heime på Firda Billag rundt 8.
Alle var einige i at dette var ein veldig kjekk tur! Lærarane skraut av elevane for fin oppførslen, og lærarane vart takka med blomar på skulen måndagen etter.

Takk til Birte og Ola for ein super tur, og til Traute for super planlegging!

Ina Steiro Herstad

Til de som er interesserte i å sjå fleire bilete i frå turen, kan de gå inn på denne sida her:
www.berlin2010.moo.no

lørdag 6. mars 2010

MGP 2010


No har endeleg finalen i MGP vert, og eg kunne kjenne spenninga heilt ut i fingertuppane. Eg hadde venta på denne hendinga lenge og var spent på kven som ville vinne finalen. Eg satt klistra opp i fjernsynet og hadde lyden på fult. Her skulle ein få med seg alle songane og artistane. Eg må no seie eg hadde nokre favorittar før finalistane vart endelege. Det hadde vert tre delfinalar der to frå kvar kom direkte vidare til finalen og to andre deltakarar fekk ein ny sjanse i «Siste sjansen». Eg vil ikkje seie at eg likte det at dei fekk ein siste sjanse, for dei var ikkje dei vi hadde stemt på flest gongar, det var jo dei som alledere hadde komme til finalen.

Men så var det tid for å finne ut kven av deltakatane som kom til finalen. Det skulle stemmast fram åtte stykke.
Finalistane blei:
A1-”Don´t Wanna Lose You Again”, Maria Haukaas Storeng- ”Make my day”, Venke Knutson- “Jealous 'Cause I Love You”, Bjørn Johan Muri- “Yes man”, Maria Arredondo- “The Touch”, Alexander Stenerud-“Give It To Me”, Didrik Solli-Tangen-“My Heart Is Yours” og Keep of Kalessin- “Dragentower”.

Desse vart frets finalistar. No var det berre å stemme på sin favorite, den ein ville ha med blandt dei fire beste. Eg personleg stemmte som ein gal på Didrik Solli-Tangen. Fordi eg syntest at han var den beste. Har du høyrt den stemma? Går ikkje ann å ikkje høyre den. Ein skulle jo tru at A1 var den klare favoritten, ettersom dei er verdenskjente og har gitt ut mange plater.
Men, slik gjekk det no ikkje. Det var Didrik Solli-Tangen som gjekk av med seieren. Eg meinar det var velfortjent. Han var den beste og hadde den finest songen. Han hadde uttalt seg til VG etter finalen: «Jeg fikk en utrolig fin sang skrevet til meg, og dette er jo en kjempemulighet til å få vist seg frem for et stort publikum». Det er eg heilt eiing i.

Sangen var superbra og blir nok ein hit på VG-lista. Eg oppfordrar alle til å stemme på Didrik under Eurovision Sogn Contest 2010 som skal haldast i Telenor Arena i Bærum 29. Mai.

Didrik kjem nok blandt dei fem beste og det er stor mogleheit for at han vinner heile greia, og konkurransen må haldast i Noreg endå eit år. Det Norske land kjem til å tene ubegripeleg mykje pengar om alle deltakarane frå dei andre kjem tilbake til Noreg to år på rad. Vi blir historiske. Så benk deg framfor TV-skjermen den 29.mai og hei Didrik heilt fram til finalen. Tru meg, det skal vertfall eg gjere, gleda meg sånn at eg nesten ikkje kan vente.

Av: Silje Haugen

Panik 09.12.09

8. desember 2009.

Eg har nett landa på Flughafen Berlin-Schönefeld. Med meg har eg onkelen min. Vi har reist heile dagen, og har endeleg nådd målet. Klokka nærmar seg ti og det er over seksten timar sidan eg stod opp for å ta bussen til Bergen og Flesland. Ute er det kaldt og vått. Framfor oss ligg ein halvtime med S-Bahn for å komme til Alexanderplatz og hotellet vi skal bu på, Park Inn.


Om eit døgn skal eg stå inne på ein liten klubb, omgitt av andre glade og entusiastiske fans, og sjå favorittbandet mitt live. Det er den einaste grunnen til at vi har tatt denne turen i midten av veka, midt i skule- og arbeidstida.



9. desember 2009.


Klokka er 11.00. Dedikerte fans har allereie møtt opp inne i trappeoppgangen på Frannz Club. Dei er for siste gong klare til vise gutane frå Schleswig-Holstein kva hovudstaden er god for. For dette er Panik sin siste konsert her, og nest siste på heile turen. Etter det tar det slutt, då går dei alle kvar til seg og berre to av seks bandmedlem blir verande i bandet. Frå ein mobil speltast «San Diego», bonussongen frå albumet som kom i haust, med så god kvalitet som det er mogeleg å få på ein mobil. Med andre ord: ikkje særleg bra.


Vi går. Har ein del å fikse i byen før vi skal slå oss til ro og vente saman med dei spente tenåringane. Mat og vatn må vi òg ha. Det skal nemleg bli ein lang dag, for ikkje å snakke om ein lang kveld.


Etter å ha blitt ti CD'ar og to bøker rikare, om ikkje eit par kroner fattigare, nærmar klokka seg eit. På ein café har vi slått oss ned og fått i oss næring. Eg kjenner at heile kroppen byrjar å stresse: har det komt fleire fans? Er det lang kø allereie? Kjem eg for seint til å få ein god plass? Bekymringane strøymer på og hjartet hoppar over fleire slag. Det har enno ikkje gått opp for meg kva eg faktisk skal få vere med på, kva eg skal få oppleve.


Klokka er nesten to når vi kjem tilbake til hotellet. Eg er åleine om å ville vente i fleire timar på konserten, så når klokka slår to går eg åleine ut av Park Inn. I lomma ligg mobil og lommebok, og ei klam hand held eit hardt grep om den vesle iPoden. Vatnflaska, framleis nesten full, dinglar frå eit lett grep med den andre handa.


Halv tre er eg framme. Etter ei lynkjapp melding til onkel om at eg har nådd målet, set eg meg ned. Jentene rundt meg pratar entusiastisk og høglydt. Eg er freista til å ta kontakt med gruppa på fire like framfor meg, mrn utan ordentleg kontroll på språket og med liten lyst til å trengje meg på, lar eg vere.


Etter eit par timar vert det plutseleg heilt stille i trappeoppgangen og alle jentene ser på meg. Ei av dei åpnar munnen. «Hey, Junge, gehst du auch an Panik?» lyd spørsmålet. Eg blir lettare satt ut av den plutselege merksemda og svarar det første eg kjem på; «Ich bin ein Mädchen.» Eit par bryt ut i hysterisk og flau latter og gøymer ansikta i henda. Unnskyldningane strøymer på, etterfulgt av mine «kein Problem, alles in Ordnung.»


Så byrjar alle å stille spørsmål. Det går rundt for den vesle hjernen min, som ikkje oppfattar eit einaste eit, og eg må seie som sant er, eg snakkar ikkje så godt tysk fordi eg er frå Noreg. Resten av den korte samtalen går på engelsk. Overraska gisp og «Sieht sie so aus?» blir utveksla når eg seier at eg er 17 år. Enno meir overraska vert dei når dei spør kven av bandmedlemma som er favoritten min, og eg svarar at eg ikkje har nokon. Mine håp om at fansen var så pass dedikerte at dei likte dei for musikken, ikkje utsjånad, får ei lita ripe.


Så trekk eg meg tilbake og det er berre å vente.


Klokka blir nærare sju før det skjer noko nytt. Fleire folk har møtt opp, så det blir trangt i den vesle trappeoppgangen. Folk byrjar å bli meir bevisste på kvar dei står, og alle vil vere fremst, så det er ikkje snakk om at nokon vil flytte seg og risikere å miste den mogelege gode plassen framfor scena. Lenger nede i trappa kan eg skimte Line, ei venninne av meg frå Danmark. Så blir dei første slepte inn. Og ikkje lenge etter blir det min tur.


Dei beste plassane like framfor scena er allereie kapra, men eg får berre eit par jenter framom meg. I ein time blir ståande der, spente, nervøse. Ventetida er nervepirrande og uuthaldeleg. Så, når klokka er nesten halv ni, får vi høyre det første teiknet til lyd bak scena. Eit gitarriff, noko spørjande.Enorm respons i form av hyling og skriking frå publikum i det vesle lokalet.


Og så er det i gang.


Aller første inntrykk når dei to vokalistane entrar scena er «Å herregud så store dei er.» Eg, med mine knappe 155 centimeter, eit par meter unna scena og som knapt kan sjå scenegolvet, hadde forestilt meg at eg ikkje kom til å sjå noko i det heile tatt. Men eg kan sjå dei klart som dagen; og hjartet spring løpsk når det går opp for meg at der er dei, gutane som har betydd så mykje for meg det siste året.


Akkurat slik eg hugsar det frå live-DVDen frå 2007, byrjar dei med «So Wie Du». Og når dei, like før bridgen, stoppar opp, veit eg kva rapparen deira Timo Sonnenschein kjem til å seie. Sekund seinare får eg bekrefta at eg har rett. «Das hier ist eine Kamera,» seier han og held opp ein mobil. Ein herleg følelse av nostalgi brer seg i kroppen. Dette er Panik slik eg kjenner dei.


Etter det går det fort, alt for fort. Dei vitsar og tøysar. Strålar av energi og glede og gir alt på kvar einaste song. Engasjerer publikum på ein måte eg aldri har opplevd før, og som eg kjenner heilt inn til ryggmargen. Dei viser fansen som har møtt opp at dei set pris på oss, akkurat som vi set pris på dei.


Men eit spesielt minne sit ekstra godt printa inn i hjernebarken: korleis bassist Christian Linke lyste opp då dei spelte «Keiner Merkt Es», som han har skriven sjølv. Eg kan framleis høyre stemma hans i hovudet frå då han kora på denne songen.


Det mest emosjonelle augeblikket kjem nesten mot slutten; kunn gitarist David Bonk og rapper Timo på scena. Etter konserten i Hamburg som er 10. desember, er det berre dei igjen av bandet. Det merkast på heile publikum at dette er to sterke songar, både med tanke på tekst og melodi, men òg med tanke på måten dei framfører songane på.


Etter eit par songar saman, kjem dei fire andre tilbake på scena. Dei har ein song igjen, og dette er absolutt ein av dei finaste. Denne er òg skriven Christian Linke. Og dei kunne ikkje valgt ein betre song å avslutte ein fantastisk konsert med.


Vorbei, vorbei die letzte Frage. Und ich weiss, verloren sind die Tage. Es ist vorbei, ich finde neue Ziele. Wieder frei, ich weiss es gibt so viele. Die Vergangenheit schweigt.



Vel tilbake på hotellrommet er klokka blitt eit. Det skal gå nesten eit døgn før eg er heime igjen. Flyet dagen etter skal bli utset fleire timar på grunn av Obama sitt besøk i Noreg. Det skal gå fleire veker før eg greier å ete og sove ordentleg igjen.


Men eg har sett bandet mitt live, eg har fått autografane deira og prata med fire av dei, deriblant min helt, mitt førebilete, nemleg Christian Linke, fordi eg òg spelar bass og alle har jo ein som driv med same grein som dei ser opp til. Konserten kunne ikkje gått betre. Eg kan ikkje bli lukkelegare når eg går og legg meg.


Men eg får ikkje sove den natta.



Av Silje Schjelderup

fredag 5. mars 2010

Nummer to blei nummer èn


Onsdags kveld, 3.mars, skal Anette Sagen vere den første som hoppar utfor den nye Holmenkollbakken. I kveld, var det full aktivitet i den nye bakken.


I kveld, tysdag 2.mars, var Bjørn Einar Romøren den første til å sette utfor og sveve nedover den nye bakken. Han sette utfor klokka 8, for å prøve kanskje den beste bakken i verda. Eit heilt døgn før Sagen sitt ”historiske” hopp. Trykt landa kjem det mange andre hopparar etter kvarandre, 12 stykk som perlar på ei snor. Alle landa fint i den fine kvite snøen, og med sterke lyskastarar som lyste opp vegen deira.


Vel nede ser eg Romøren stå og sjå opp på bakken. Mange tankar går rundt i hovudet hans. Onsdag er planen at han skal hoppe etter Sagen. ” Eg angrar på at eg sjølv sette først utfor. Då vil det kanskje ikkje bli noko oppstyr.” seier Romøren fullt utstyrt med hjelm og ski.


Stemninga er trykka her i Holmenkollbakken. Ein tankefull Romøren vandra rundt på plassen. Vil dette hoppe verte noko han angra på? Korleis vil Anette Sagen reagere, når ho får vite at Bjørn Einar Romøren har prøvd bakken før ho?


Av: Maren Haugen Gjervik

mandag 21. desember 2009

Volleyball-turneering i Førdehuset


Den 22.12.09 er det klart for den årlege volleyballturneeringa i Førdehuset. Nesten alle elevane på Hafstad VGS+tilsette har laga seg lag og skla finne ut kven som har det beste laget. Vinnarane blir premiert.

Turneeringa starta ca 08.30 og varer til ca 13.30.
Nokre lag stiller nok opp i kostyme, mens andre stiller opp i vanlege treningsklede, noko som også går ann. Det blir ein spennande dag i Førdehuset. Spørsmålet er: Klarer elevane å slå lærarane i år?

Det blir også gitt premie til det laget som hadde flest rette på skulequizen som var i kantina den 16.12.09, premien er endå uklar.
Har stilt Solbjørg Huseklepp nokre spørsmål ang volleyball-turneeringa:

Skal du spele på noko lag?
Svar:Nei

Kvifor ikkje?
Svar: Fordi på den tida vi laga lag, så var eg nett kvitt krykkene etter ein kneskade.

Trur du nokre av elevlaga klarer å slå lærarane og vise dei at vi faktisk er bedre enn dei?
Svar: Ja, klart det. vi er jo best.

Kan du nokre relevante volleyball ord?
Svar: Serve, fingerslag, baggerslag, blokk, kjem ikkje på meir i farten.

No ser vi fram til ein givande dag med mykje aktivitet og blide elevar+lærarar. Håper det også er mange som skal vere heiagjeng. treng litt psykisk støte frå tribunane.

søndag 20. desember 2009

Volleyball-turnering i Førdehuset


Tysdag, 22. desember, er det duget for volleyball-turnering i Førdehuset. Klassar frå alle årstrinn kan delta, og vinnaren av turneringa vil bli premiert. Turneringa byrjar tidleg, og varer fram til klokka er om lag 13.30.

Lukke til!


Av: Edvard Brekke

fredag 18. desember 2009

Fame the Musikal

Den legendariske ”Fame” har vore ein hit i mange år. Først med filmen frå 1980, og så etterfulgt med ein fornying som kom i 2009. Så for dykk som syns at desse filmane er fengjande, kan dykk no vere med på forestillinga ”Fame the Musical”.

Av: Anne Mjåseth

Det er Marie Mjåseth som har ansvaret for denne forestillinga som vil bli vist sommaren 2010. Ho har bachelorgrad i dans, kunst og kulturformiddling på Den Norske Ballett Høgskulen. Det er også frå denne skulen, koreografen er Kristine Melby er lærar på. Ho er kjent som koerograf fra Dansefeber og SoYou Think You Can Dance Skandinavia .
Marie er engasjert og fortel at dette er ei forestilling med ungdommar, for ungdommar. “Eg søkjer talentfulle og sprudlande ungdommar som har talent innan dans, musikk eller drama.”

Det er blitt danna ei gruppe på Facebook med same namn som forestillinga.” Der er oversikt over forskjellige roller, prøveopptaking og samlingshelger. Å der folk kan ta kontakt med meg viss det er noko dei lure på.”

Meir informasjon om dette er hengt opp rundt om på skulen og på Facebook. Så for dykk som føler eit kall no, er det berre å melde seg på.

tirsdag 15. desember 2009

Snø til jul?
















Snø i veka
I Store delar av Noreg vil været halde seg stabilt og kaldt dei neste vekene. Det er ikkje garantert, men det er store mogelegheiter for snø i veka som kjem og på julaftan.

Store kjangsar
Basert på fleire målingar dei siste 50 åra har Meteorologane funne ut kvar det kjem til å bli kvit jul i år. Statistikken seier, om du bur ved Tustervatnet i Nordland eller Maristova i Sogn og Fjordane er kjangsane veldig store for at det vert snø til jul. Rekorden for den mest snørike julaftan, tilhøyrer Veitastrond i Sogn. Snødjupna vart målt til 176 cm.


- Eg håpar sterkt på at det kjem snø til jul, gledar meg til å stå på ski og lage snøenglar, seier Sandra S. Hovland
- Eg likar ikkje snø, det er så kaldt og med ein gang regnet kjem blir det slaps, meinar Victoria Robinson
- Ein får ikkje skikkeleg julestemning utan snø, Maren Haugen Gjervik




Kristina Robinson

Barack Obama i Noreg


Den 10.12.2009 landa Barack Obama i Oslo. Den store dagen hadde endleg kome og Noreg var klar for å ønske fredsprisvinnaren velkommen.

08:40 tordags morgon, ankomm Barack Obama og hans kone Oslo. Heilikopter surra i lufta og området var dekka av politimenn. Både E6 og gater var stengt for at Obama skulle kome seg trygt fram. Fleire hundre kommlokk var sveisa igjen og bussar og trikker måtte stanse for presidenten.

Første stopp på programmet til Obama var å besøke Nobelinstituttet og så vidare til statsministeren. Jens Stoltenberg fekk eit veldig godt inntrykk av han. ” Han er ein sympatisk og flott person med ein flott personlighet. Han har humor og har ein lett tilgjengeleg og uformell stil og det gjør at det blir gode samtaler. Jeg liker folk som kan spøke og som kan vere uformelle.” Det var dette Stoltenberg utalte seg til VG om Obama etter besøket. Deretter var det pressekonferanse, der Obama i talen sin takka kongefamilien og heile det norske folket og tilføyde at han skulle ønske han kunne vere lenger i Noreg.

Etter dette reiste Obama på slotte for å møte kongen, og blei så frakta til Oslo Rådhus der han tok imot Nobelprisen. Så var det avstad til Grand hotell der festen fortsette. Under festen gjekk Barack Obama og hans kone ut på balkongen og vinka til alle tusen som har stilt opp utanfor.
” Det tok helt av. Rundt der vi stod var det mange som ropte ”yes we can” i takt, og så var det veldig mye jubling”, forteller VG Netts reporter på staden.

Då dei lei på natt trakk Obama seg tilbake før han skulle ta fly fredags morgon. Barack Obama’s kone var særs fornøgd med turen og ønsker å reise tilbake til Noreg så snart det lat seg gjere, skriver VG.

Oslobesøket blei ein suksses, og no er det berre å vente og sjå om Barack Obama har gjort seg fortjent til prisen. Det vil tida vise.

mandag 14. desember 2009

AVATAR – ny filmoppleving!


I denne fantastiske actioneventyret tar skaparen av Titanic, James Cameron, oss med til ein ny og spektakulær verden.

Filmen blei først påtenkt av Cameron for 14 år sidan, då moglegheita for å gjennomføre eit slikt prosjekt ikkje eksisterte. Nå etter fire år med produksjon, levererar AVATAR ein heilt ny filmatisk oppleving. Her forsvinn den banebrytande teknologien som er oppfunnen for å lage filmen, inn i filmens forteljing.

Filmen handlar om Jake Sully, som vert rekruttert til å reise lysår vekk til den fjerne månen Pandora. Sully er tidligare marinesoldat, men sitt no lenka til rullestolen. På Pandora får Jake i oppdrag å vere med å kjempe ein kamp for å få tak i eit sjeldant mineral som kan redde jorda si energikrise. Sidan atmosfæren på Pandora er giftig har det blitt oppretta eit eige Avatar program, der mennesker vert kobla til via bevisstheita til ein skapning ved namn Avatar. Desse Avatarane er ei blanding mellom det mennesklege DNAet blanda med DNA av dei innfødte på Pandora, som vert kalla Na'vi.

I Jake sin Avatar kan han endeleg gå igjen. Han får i oppdrag å infiltrere dei innfødte. Dei er eit stort hinder for å få tak i det dyrebare mineralet. Men når ei vakker kvinneleg Na'vi reddar livet til Jake, vert alt forandra. Han vert bergtatt av klanen hennar, og velgar å lede deira kamp for å redde ein heil sivilisasjon.

-Det er ein 3D-film folk vil sjå tilbake på om mange år for å forklare korleis den forvandla filmkunsten. Alt følast ekte, det er som du sjølv er i filmen sin handling, seier tabloiden The Sun anmelder.

Orginaltittel: Avatar
Regi: James Cameron
Skodespelarar: Sam Worthington, Sigourney Weaver, Zoe Saldana, Michelle Rodriguez, Giovanni Ribisi
Manus: James Cameron
Genre: Action/Sci-Fi
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Lengde: 2t 42min
Aldersgrense 11 år

Filmen har ikkje premiere før fredag, 18.12!

søndag 29. november 2009

Eliteherrane rauk ut i semien


Førde-spelarane var tydeleg skuffa etter tapet på heimeba
ne. F.v. Thomas Haug, Nils Numme, Geir Eithun, Ruben Inderøy og kaptein Tor Kristian Kvammen.

Laurdag 27.november spelte eliteherrane til Førde Volleyballklubb semifinale i cupen mot Nyborg. Herrane var klart skuffa etter tapet mot Begenslaget. Nyborg leiar eliteserien etter 8 kampar spelt. Førde har 6 kampar spelt.

Geir Eithun var den store spelaren gjennom heile kampen, og vart mest verdifulle spelar og enda opp med å slå inn 20 poeng. Eithun meinte etter kampen at denne kampen burde dei ha vunne. Også trenar Frank Kalstad tykte det var irriterande å vere så nære å sende serieleiaren ut av cupen.

Kampen gjekk i berg- og dalbane. Førde og Nyborg vann anna kvart sett, og det var Nyborg som trakk det lengste strået i siste settet. Førde hang etter allereie i byrjinga av settet, og Nyborg leia heile 1-6. Etterkvart vart Førde meir med i kampen om siger, men det var Nyborg som regjerte i heile siste settet.

Trenar Frank Kalstad var serleg skuffa over at laget ikkje klarte å presterte likt i alle setta. Men sjølv om dei gjekk på eit surt tap, ser Kalstad framover mot bronsefinale i cupen og dei neste kampane i eliteserien.

Settsiffera vart: 17-25, 25-20, 12-25, 25-19 og 11-15.

Foto: NRK SFJ/Rune Fossum

Gymnastikkarakter basert på ferdigheitar?



Ola er dårleg i matte. Han prøvar å løyse oppgåvene, men får dei ikkje til. Skal mattelæraren likevel gi han ein god karakter fordi han gjer ein innsats?

Kari deltar alltid i gymmen. Har dei styrketrening, prøvar ho seg på både armhevingar og mageøvingar sjølv om resultatet ikkje blir så bra. Skal dei jogge rundt Bekkjavatnet, prøvar ho å henge med heilt til kondisjonen seier stopp. Skal Kari likevel få ein god karakter fordi ho gjer ein innsats?

Fram til 2006 blei gym karakteren vurdert etter innsats, haldningar og ferdigheitar. Den nye læreplanen slår fast at elevane skal vurderast etter kompetanse, der innsats og haldningar til faget går på orden- og oppførselskarakteren.

1.August i år kom Utdanningsdirektoratet med ei presisering på endringa. Dette har fått fleire gymnastikklærarar til å auke bruken av testar og gi karakterar deretter. Utdanningsdirektoratet understrekar at læreplanen ikkje seier noko direkte om testar og krav til fysiske resultat, men at kroppsøvingsfaget bør vere kopla til læring. Det er opp til skulen og den enkelte lærar å grunngi kvifor ein vel å bruke testar, og konkretisere for elevane korleis test og kompetansemål heng saman.

Hensikta med fag som Matte, norsk, fysikk, engelsk osv. er først og fremst læring og tileigning av kunnskap og ferdigheitar av alminneleg nytteverdi, medan hensikta med kroppsøvingsfaget er i hovudsak folkehelsa. Det er bra for helsa å trene, og derfor er tileigning av gode vanar og ei positiv haldning viktig.

Er det då rett å vurdere gym karakteren etter ferdigheitar? Nokre er korte, andre er lange, og nokre har naturlege talent, medan andre må trene hardt for å oppnå same resultat. Når høgde forskjellen til elevane kan vere svært store, blir det urettferdig når ein skal teste ferdigheitar ut i frå kor høgt ein kan hoppe. Ei løysing på dette kan vere å basere karakterparametrane på prosentvis høgde av eleven si eiga høgd. Då hadde elevane opplevd dette som rettferdig og følelsen av å meistre hadde gitt ei positiv oppleving.

Likevel er det med gym som i alle andre fag, skal du få topp karakter så må du gjere lekse. Du blir ikkje god i lengde dersom du berre hoppar lengde i gymnastikktimen. Du blir ikkje god i ballspel dersom det berre er i gymnastikktimen du praktiserar det. Det same gjeld springing, kasting osv. Kanskje dagens ungar som ikkje driv med idrett på fritida må øve meir heime for å bli betre? Sluttar du å trene, minkar prestasjonsnivået mykje raskare enn om du over ein tilsvarande periode ikkje brukar det du har lært i teoretiske fag eller praktiske yrkesfag. Tilsvarande går gjentaking av trening av idrettsprestasjonsnivå mykje langsamare enn gjentaking av oppfriskning av teoretisk kunnskap.

Alt i alt er fysisk aktivitet på skulen viktig for å danne eit grunnlag for vidare idrettsglede basert på rettferdige vurderingar så langt det lar seg gjere.

mandag 23. november 2009

Førde til 2. divisjon!


Førde spelarane klarte ikkje å halde tårene tilbake då dei var klare for 2. divisjonsspel neste sesong etter 2-1 sigeren over Birkebeineren 24. oktober, og dermed samanlagt 5-3 siger. Spelarane jubla av glede og feira heile kvelden saman med Førdepatriotane.

Førde vann første kvalifiseringskampen 3-2, og hadde eit godt utgangspunkt før returkampen. Etter berre 1 minutt av kampen på Førde Stadion sende Thor Jørgen Spurkeland Førde opp i leiinga, til stor jubel frå heimesupportarane. Deretter la Steinar Tenden på til 2-0 etter 26 minutt, og kampen var i realiteten avgjort. Likevel var det mange som fekk vonde minner frå andre kvalifiseringskampen i Drammen forrige sesong då David Sagedal reduserte til 2-1 for Birkebeineren, og Steinar Tenden gjekk ut med skade. Bortelaget kom også til eit par sjansar på slutten av kampen, men alt i alt var Førde det beste laget og vann fortjent.

Oppsettet for neste års 2. divisjon er klart, og Førde skal spele sine kampar mot:
Asker, Bærum, Fana, Frigg, Kjelsås, Manglerud Star, Nest Sotra, Notodden, Os, Stabæk 2, Stord, Vålerenga 2 og Åsane.

lørdag 21. november 2009

Vil kutte antal påbyggsklassar

Elevar i den vidaregåande skulen er provoserte over prioriteringane til fylkesdirektøren for opplæring.

Per dags dato er det ni studiespesialiserande påbyggsklassar rundt om i fylket, fordelt på skulane i Sogndal, Luster, Førde, Flora, Måløy og Eid. Dersom fylkesdirektøren får det som han vil på møtet i hovudutvalet på tirsdag, vil Flora og Måløy miste klassane sine, og Sogndal vil få berre ein klasse i staden for to.

Hildegunn Berge, nestleiar i ungdomspolitisk utval, meiner dette er ei håplaus prioritering. «Hafstad måtte opprette to klassar i år på grunn av stor pågang, prioriteringa burde heller vore omvendt,» seier ho i ei pressemelding.

Heller ikkje Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er særleg fornøgd med forslaget. «Vi ønskjer ikkje at moglegheitene skal minske i fylket vårt,» uttalte leiaren, Martin Melander, i ei anna pressemelding.

For elevane som ikkje kjem inn i ein av dei seks klassane, kan konsekvensane bli store. Tidlegare denne veka uttalte fleire elevar til NRK Sogn og Fjordane at planane deira for vidaregåande opplæring blir øydelagde, og dei veit ikkje kva dei skal gjere. Mange blir nøydde til å flytte til Bergen, sjølv om dei eigentleg vil bli verande heime. Dette gir ikkje akkurat meirsmak for fylket, og ein blir usikker på om ein i det heile teke har lyst til å flytte heim att til Sogn og Fjordane, meinte ei av dei NRK hadde snakka med.

No vil ungdomspolitisk utval og elevorganisasjonen samarbeide om å overtyde partigruppene om at dette ikkje er nokon god idé. «Vi håpar inderleg at hovudutvalet for opplæring tar ungdommen sine meiningar på alvor,» seier Hildegunn Berge.

torsdag 19. november 2009

Klar til eksamen og tentamen?


25 % av landets studentar har alvorlege plagar med eksamensangst. Det anslo ein av Noregs fremste ekspertar på eksamensangst til Dagbladet for nokre år sidan. Her er nokre tips og råd om korleis å førebu seg til eksamen og tentamen.


Av: Cecilie Skarstein


Sjå over gamle eksamenar/tentamenar og prøvar, kva er det du har slitt med tidlegare og kva må du pugge litt ekstra på?

Spørr gjerne fjordårsstudentar og lærerar om gode tips og råd.

Lag ei leseliste. Mange får auka motivasjon og kjem i betre humør av å kunne stryke noko frå lisa.

Gjenfortell det du har lest til vener eller familie, då hugsar du det betre.

Lag notater og korte samendrag av deg du les. Då får du samla vesentlege stoffet og det er enklare og sjå over seinare.

Gå på pugge-date, avtal med ein klassekamerat å møtes og pugge til eksamen/tentamen i lag. Det gjer det heile mykje meir morosamt og de kan hjelpe kvarandre dersom det er ting de ikkje forstår. (NB: bør vere nokon du veit du kjem til å arbeide seriøst saman med!)

Belønn deg sjølv. Ikkje sitt dag ut og dag inn å pugg. Har du pugga og slitt lenge kan det vere godt å kunne ta seg ein pause. Kanskje gå ein tur, belønn deg sjølv men ein sjokolade eller gjer noko anna du har lyst til.

Start med lesinga i god tid! Ingenting er verre enn å stresse de siste dagane før eksamen/tentamen.

Bruk dagen før eksamen/tentamen til å slappe av. Ta det med ro og tenk på noko anna. Gjer noko du har lyst til. Kanskje les gjennom notat eller samendrag.

På eksamensdagen: stå opp i god tid så du ikkje må stresse for å komme tidsnok. Spis ein god frokost (viktig) og sjå over at du har med deg alt du treng. Sjå over oppgåva nøye. Les den fleire gongar så du er sikker på at du har forstått den rett.

Lykke til!

24-timars vasling før gjeldande prøver er kun god skikk

Grethe Øren, rektor ved Hafstad vidaregåande skule, avkrefta på fredag 23.10.09 at elevar på Hafstad har rett på varsling av gjeldande prøvar 24-timar i førevegen.

Av: Cecilie Skarstein

Det viser seg at ”regelen” om at elevar på Hafstad vidaregåande skule har rett på varsling 24-timar i førevegen er noko elevrådet har funne ut på eigenhand utan å involvere leiinga ved skulen. ”Men det er jo god skikk,” seier Øren i eit intervju. Ifølge Øren hadde dei ikkje høyrt noko om det før det leste om det i eit referat frå elevrådet. Ho seier vidare at det no er blitt eit aktuelt tema og kjem til å komme opp på neste styremøte mellom elevrådet og leiinga som finn stad 02.11.09.

I eit intervju sa eit medlem av elevrådet seg einig i at elvane har rett på varsling og at det var ein gjeldane regel ved skulen. Men trakk seinare, etter beskjed om uttalen til rektor, tilbake utsagnet og sa at det kom til å bli tatt opp på neste elevrådmøte.

Det at elevar på Hafstad vidaregåande skule har rett på å få varsling, enten munnleg eller gjennom fronter, 24-timar før ei prøve som gjelder for den endelege karakteren har våre ein uendeleg lang diskusjon mellom lærarar og elevar. I fjord fikk elevane beskjed frå den tilittsvalte i kvar enkelt klasse om at dei hadde rett på varsling 24-timar i førevegen. Det verka alikavell ikkje som om dette var nokon regel, grunna at eit fåtal av lærarane hadde høyrt om den. Dette har resultert i gjentekne diskusjonar mellom lærarar og elevar.


tirsdag 27. oktober 2009

Internasjonal dag 2009



Internasjonal dag blir kvart år arrangert i samarbeid med operasjon dagsverk. Grunnen til at det blir arrangert internasjonal dag er for å få folk engasjert og å gi dei kunnskap om kva OD jobbar for. I Førde kommune har det i år blitt lagt til Førdehuset, og eg har intervjua leiar frå OD komiteen her på skulen, Kristina Sæterlid frå 2B samt Emilie Krumsvik frå 1C, angåande aktivitetar og mål for årets ID.


OD 2009 går til utdanning til ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Aktivitetar som er planlagt for årets ID varierar frå foredrag til morosame leikar. Ein leik som som alltid har vore veldig populær er nord mot sør fotball. Då spelar «sør-laget» med ein eller annan form for handikap, for eksempel med bind for auga eller tau rundt føtene. Andre aktivitetar som vert arrangert denne dagen er som nevnt foredrag, i tillegg til diskusjon og film.


«Det er mange skular som deltek i den internasjonale veka, men dessverre ikkje så mange vidaregåande skular», seier Kristina. Grunnen til at ho har meldt seg inn i årets OD komite er at det har eit bra formål, det er utfordrande og sosialt. «Også er vi med på å gjere noko bra for andre», legg Emilie til. Dei oppfordrar så mange som mogleg til å delta på OD dagen og den internasjonale veka.

Bad taste day

Fredag 23. oktober avsluttet 2STD miljøuken med såkalla Bad Taste Day.

Dagen gikk ut på at elevene skulle kle seg ut, og vise at de kunne ha Bad taste, for en dag.

Alle elever, lærerere og andre ansette ble oppmoda til å kle seg ut, og vise hva de mente var Bad taste.

En litt annerledes dag
Målet med dagen var å få bedre miljø på skulen, og gjøre dagene litt annerledes enn det vanlige, opplyser 2STD som var arrangørne av denne dagen.


Premiering
Det var og premiering til beste klasse og den best utkledde eleven på skulen.
Klassen som gikk av med seieren var 1STD, som hadde de mest morsomste, tiltrekkende, uvanlige, og kuleste selvldesignede kostymene.
I samme klasse gikk og den best utkledde eleven Anita Løbø Viken som virkelig hadde skjønt hva Bad Taste er for henne. Vi gruatulerer vinnerne og håper enda flere blir med neste gang det blir arrangert slike arrangementer.


Bildetekst: På bildet ser vi arrangørrne av dagen. De viste virkelig at dagene på Hafstad kan bli enda bedre med litt samarbeid av elevene.

UNGDOMEN ER REDD SPRØYTE




Svineinfluensaen er endå eit stort problem i Noreg. Folkehelseinstituttet opplysar om at over 100 000 nordmenn har eller har hatt influensaen til no. I mange kommunar er vaksinasjonsapparata på plass, men det tar tid. I første omgang var det berre risikogrupper og helsepersonell som blei vaksinert.

Stor pågang

Det er nå opna for alle som ynskjer kan ta vaksinen. Helsemyndigheitene oppmodar alle til å ta den. Det vil redusere risikoen for influensaen. Det er stor pågang i kommunane, og mange står på venteliste.

Ungdomen er usikker

Mange av ungdomen er usikker på om dei kjem til å ta vaksinen. Dei er redd på biverknadar, og ynskjer meir informasjon, ikkje berre frå media men det er eit sterkt ynskje om å få høyre kva helsepersonell meinar.

- Eg er i tvil om eg kjem til å ta denne vaksinen, det er så nytt og usikkert. Media lagar så mykje oppstyr, at ein ikkje veit om det er farleg eller ikkje, meiner Maren Haugen Gjervik (17)
- Eg er redd for at kroppen min skal reagere på vaksinen, seier Silje Haugen (18)



- Kristina Robinson