Elevar i den vidaregåande skulen er provoserte over prioriteringane til fylkesdirektøren for opplæring.
Per dags dato er det ni studiespesialiserande påbyggsklassar rundt om i fylket, fordelt på skulane i Sogndal, Luster, Førde, Flora, Måløy og Eid. Dersom fylkesdirektøren får det som han vil på møtet i hovudutvalet på tirsdag, vil Flora og Måløy miste klassane sine, og Sogndal vil få berre ein klasse i staden for to.
Hildegunn Berge, nestleiar i ungdomspolitisk utval, meiner dette er ei håplaus prioritering. «Hafstad måtte opprette to klassar i år på grunn av stor pågang, prioriteringa burde heller vore omvendt,» seier ho i ei pressemelding.
Heller ikkje Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er særleg fornøgd med forslaget. «Vi ønskjer ikkje at moglegheitene skal minske i fylket vårt,» uttalte leiaren, Martin Melander, i ei anna pressemelding.
For elevane som ikkje kjem inn i ein av dei seks klassane, kan konsekvensane bli store. Tidlegare denne veka uttalte fleire elevar til NRK Sogn og Fjordane at planane deira for vidaregåande opplæring blir øydelagde, og dei veit ikkje kva dei skal gjere. Mange blir nøydde til å flytte til Bergen, sjølv om dei eigentleg vil bli verande heime. Dette gir ikkje akkurat meirsmak for fylket, og ein blir usikker på om ein i det heile teke har lyst til å flytte heim att til Sogn og Fjordane, meinte ei av dei NRK hadde snakka med.
No vil ungdomspolitisk utval og elevorganisasjonen samarbeide om å overtyde partigruppene om at dette ikkje er nokon god idé. «Vi håpar inderleg at hovudutvalet for opplæring tar ungdommen sine meiningar på alvor,» seier Hildegunn Berge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar