Førde spelarane klarte ikkje å halde tårene tilbake då dei var klare for 2. divisjonsspel neste sesong etter 2-1 sigeren over Birkebeineren 24. oktober, og dermed samanlagt 5-3 siger. Spelarane jubla av glede og feira heile kvelden saman med Førdepatriotane.
Førde vann første kvalifiseringskampen 3-2, og hadde eit godt utgangspunkt før returkampen. Etter berre 1 minutt av kampen på Førde Stadion sende Thor Jørgen Spurkeland Førde opp i leiinga, til stor jubel frå heimesupportarane. Deretter la Steinar Tenden på til 2-0 etter 26 minutt, og kampen var i realiteten avgjort. Likevel var det mange som fekk vonde minner frå andre kvalifiseringskampen i Drammen forrige sesong då David Sagedal reduserte til 2-1 for Birkebeineren, og Steinar Tenden gjekk ut med skade. Bortelaget kom også til eit par sjansar på slutten av kampen, men alt i alt var Førde det beste laget og vann fortjent.
Oppsettet for neste års 2. divisjon er klart, og Førde skal spele sine kampar mot:
Asker, Bærum, Fana, Frigg, Kjelsås, Manglerud Star, Nest Sotra, Notodden, Os, Stabæk 2, Stord, Vålerenga 2 og Åsane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar