søndag 29. november 2009

Eliteherrane rauk ut i semien


Førde-spelarane var tydeleg skuffa etter tapet på heimeba
ne. F.v. Thomas Haug, Nils Numme, Geir Eithun, Ruben Inderøy og kaptein Tor Kristian Kvammen.

Laurdag 27.november spelte eliteherrane til Førde Volleyballklubb semifinale i cupen mot Nyborg. Herrane var klart skuffa etter tapet mot Begenslaget. Nyborg leiar eliteserien etter 8 kampar spelt. Førde har 6 kampar spelt.

Geir Eithun var den store spelaren gjennom heile kampen, og vart mest verdifulle spelar og enda opp med å slå inn 20 poeng. Eithun meinte etter kampen at denne kampen burde dei ha vunne. Også trenar Frank Kalstad tykte det var irriterande å vere så nære å sende serieleiaren ut av cupen.

Kampen gjekk i berg- og dalbane. Førde og Nyborg vann anna kvart sett, og det var Nyborg som trakk det lengste strået i siste settet. Førde hang etter allereie i byrjinga av settet, og Nyborg leia heile 1-6. Etterkvart vart Førde meir med i kampen om siger, men det var Nyborg som regjerte i heile siste settet.

Trenar Frank Kalstad var serleg skuffa over at laget ikkje klarte å presterte likt i alle setta. Men sjølv om dei gjekk på eit surt tap, ser Kalstad framover mot bronsefinale i cupen og dei neste kampane i eliteserien.

Settsiffera vart: 17-25, 25-20, 12-25, 25-19 og 11-15.

Foto: NRK SFJ/Rune Fossum

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar