søndag 29. november 2009

Gymnastikkarakter basert på ferdigheitar?



Ola er dårleg i matte. Han prøvar å løyse oppgåvene, men får dei ikkje til. Skal mattelæraren likevel gi han ein god karakter fordi han gjer ein innsats?

Kari deltar alltid i gymmen. Har dei styrketrening, prøvar ho seg på både armhevingar og mageøvingar sjølv om resultatet ikkje blir så bra. Skal dei jogge rundt Bekkjavatnet, prøvar ho å henge med heilt til kondisjonen seier stopp. Skal Kari likevel få ein god karakter fordi ho gjer ein innsats?

Fram til 2006 blei gym karakteren vurdert etter innsats, haldningar og ferdigheitar. Den nye læreplanen slår fast at elevane skal vurderast etter kompetanse, der innsats og haldningar til faget går på orden- og oppførselskarakteren.

1.August i år kom Utdanningsdirektoratet med ei presisering på endringa. Dette har fått fleire gymnastikklærarar til å auke bruken av testar og gi karakterar deretter. Utdanningsdirektoratet understrekar at læreplanen ikkje seier noko direkte om testar og krav til fysiske resultat, men at kroppsøvingsfaget bør vere kopla til læring. Det er opp til skulen og den enkelte lærar å grunngi kvifor ein vel å bruke testar, og konkretisere for elevane korleis test og kompetansemål heng saman.

Hensikta med fag som Matte, norsk, fysikk, engelsk osv. er først og fremst læring og tileigning av kunnskap og ferdigheitar av alminneleg nytteverdi, medan hensikta med kroppsøvingsfaget er i hovudsak folkehelsa. Det er bra for helsa å trene, og derfor er tileigning av gode vanar og ei positiv haldning viktig.

Er det då rett å vurdere gym karakteren etter ferdigheitar? Nokre er korte, andre er lange, og nokre har naturlege talent, medan andre må trene hardt for å oppnå same resultat. Når høgde forskjellen til elevane kan vere svært store, blir det urettferdig når ein skal teste ferdigheitar ut i frå kor høgt ein kan hoppe. Ei løysing på dette kan vere å basere karakterparametrane på prosentvis høgde av eleven si eiga høgd. Då hadde elevane opplevd dette som rettferdig og følelsen av å meistre hadde gitt ei positiv oppleving.

Likevel er det med gym som i alle andre fag, skal du få topp karakter så må du gjere lekse. Du blir ikkje god i lengde dersom du berre hoppar lengde i gymnastikktimen. Du blir ikkje god i ballspel dersom det berre er i gymnastikktimen du praktiserar det. Det same gjeld springing, kasting osv. Kanskje dagens ungar som ikkje driv med idrett på fritida må øve meir heime for å bli betre? Sluttar du å trene, minkar prestasjonsnivået mykje raskare enn om du over ein tilsvarande periode ikkje brukar det du har lært i teoretiske fag eller praktiske yrkesfag. Tilsvarande går gjentaking av trening av idrettsprestasjonsnivå mykje langsamare enn gjentaking av oppfriskning av teoretisk kunnskap.

Alt i alt er fysisk aktivitet på skulen viktig for å danne eit grunnlag for vidare idrettsglede basert på rettferdige vurderingar så langt det lar seg gjere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar