torsdag 25. mars 2010

Ekskursjon til Berlin

Ein gjeng på rundt 40 stk reiste på utanlandseksursjon til Berlin. Natt til måndag tok heile gjengen buss til Bergen, også vidare med fly til Berlin. I 12-tida landa vi på Scönefeld og vart frakta med buss til hotellet, som ligg i nærheita av Kurfürstendamm, ei sentral handlegate i Berlin. Resten av dagen brukte elevane på å gjere seg kjende i nærområdet rundt hotellet. Det var ikkje akkurat så kjekt å gå ute å vandre, for det var nemleg ekte vestlandsvêr denne dagen!
Tysdag morgon reiste vi av stad på byrundttur i buss og saman med guide. Der fekk alle sjå mange av Berlin sine kjende bygningar og stadar. Det vart òg lagt nn fotostopp undervegs. Etter nokre timar guiding der alle (forhåpentlegvis alle) hadde blitt betre kjend med Berlin, fekk vi utdelt u-bahn/s-bahn/buss-billett som vi kunne bruke alle dagane. Vi fekk ein leksjon av lærarane i korleis bruke u-bahn og s-bahn før vi fekk bruke tida på å gå på museum, vandre rundt i Berlin og sjølvsagt shoppe.
Onsdag morgon reiste vi til den tidlegare arbeidsleiren Sachsenhausen som ligg eit stykke utanfor Berlin. Leiren var aktiv under 2.verdskrig, og ei stund etter det også. Denne dagen var det opphaldsvêr og kaldt så omvisninga gjekk fortare enn planlagt. Vi fekk omvisning i leiren av ein svensk guide. Trur alle fekk eit inntrykk av korleis det var å vere fange i denne leiren. Det vart for eksempel fortalt korleis fangane testa sko for tyskarane. Det vart produsert sko, også skulle fangane teste desse ved å gå rundt og rundt i ein sirkel med ulikt underlag i 50 km (!). Dersom skoa var gode nok, vart dei selde i butikkar.
Sachsenhausen.

Etter guidinga i Sachsenhausen reiste vi tilbake til Berlin sentrum. Også no fekk alle bruke resten av dagen på eiga hand. På kvelden reiste nokre på musikalen "Dirty Dancing", nokre på "Pink Floyd" og nokre reiste i dyrehagen.


Torsdag var det "stadterkundigung". Elevane vart delte inn i grupper og fekk i oppgåve å finne fram til ein bestemt stad i Berlin ved hjelp av alle tilgjengelege offentlege transportmiddel. Nokre fekk ein stad dei skulle finne fram til langt i frå sentrum, medan andre fekk ein stad som var litt nærmare. Alle kom seg heldigvis heilskinna heim att! Resten av dagen vart sett av til eigen disposisjon (dvs. meir shopping kanskje...)

Fredag var avreisedag. Nokre var leie av å vere i storbyen, andre kunne godt tenkje seg å vere nokre dagar til. Denne dagen var det ekte vårvêr i Berlin, og det frista lite å kome heim att til regn og slaps. Bussen gjekk i frå hotellet i 10-tida. Bagasjen vart sjekka inn, sikkerheitskontrollen vart gjennomført, og det vart handling på tax-freen. Flyet skulle gå 12.45, men det vart forseinka med ca 30 min. Også i Bergen vart det meir handling på tax-freen, og klokka vart nærmare halv 5 før vi kunne sette kursen mot Førde att. På vegen ut i frå flyplassen hamna vi midt i ettermiddagsrushet og brukte uhorveleg lang tid ut i frå sentrum. Men etter kvart løyste det seg opp. Vi var heime på Firda Billag rundt 8.
Alle var einige i at dette var ein veldig kjekk tur! Lærarane skraut av elevane for fin oppførslen, og lærarane vart takka med blomar på skulen måndagen etter.

Takk til Birte og Ola for ein super tur, og til Traute for super planlegging!

Ina Steiro Herstad

Til de som er interesserte i å sjå fleire bilete i frå turen, kan de gå inn på denne sida her:
www.berlin2010.moo.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar