lørdag 6. mars 2010

Panik 09.12.09

8. desember 2009.

Eg har nett landa på Flughafen Berlin-Schönefeld. Med meg har eg onkelen min. Vi har reist heile dagen, og har endeleg nådd målet. Klokka nærmar seg ti og det er over seksten timar sidan eg stod opp for å ta bussen til Bergen og Flesland. Ute er det kaldt og vått. Framfor oss ligg ein halvtime med S-Bahn for å komme til Alexanderplatz og hotellet vi skal bu på, Park Inn.


Om eit døgn skal eg stå inne på ein liten klubb, omgitt av andre glade og entusiastiske fans, og sjå favorittbandet mitt live. Det er den einaste grunnen til at vi har tatt denne turen i midten av veka, midt i skule- og arbeidstida.



9. desember 2009.


Klokka er 11.00. Dedikerte fans har allereie møtt opp inne i trappeoppgangen på Frannz Club. Dei er for siste gong klare til vise gutane frå Schleswig-Holstein kva hovudstaden er god for. For dette er Panik sin siste konsert her, og nest siste på heile turen. Etter det tar det slutt, då går dei alle kvar til seg og berre to av seks bandmedlem blir verande i bandet. Frå ein mobil speltast «San Diego», bonussongen frå albumet som kom i haust, med så god kvalitet som det er mogeleg å få på ein mobil. Med andre ord: ikkje særleg bra.


Vi går. Har ein del å fikse i byen før vi skal slå oss til ro og vente saman med dei spente tenåringane. Mat og vatn må vi òg ha. Det skal nemleg bli ein lang dag, for ikkje å snakke om ein lang kveld.


Etter å ha blitt ti CD'ar og to bøker rikare, om ikkje eit par kroner fattigare, nærmar klokka seg eit. På ein café har vi slått oss ned og fått i oss næring. Eg kjenner at heile kroppen byrjar å stresse: har det komt fleire fans? Er det lang kø allereie? Kjem eg for seint til å få ein god plass? Bekymringane strøymer på og hjartet hoppar over fleire slag. Det har enno ikkje gått opp for meg kva eg faktisk skal få vere med på, kva eg skal få oppleve.


Klokka er nesten to når vi kjem tilbake til hotellet. Eg er åleine om å ville vente i fleire timar på konserten, så når klokka slår to går eg åleine ut av Park Inn. I lomma ligg mobil og lommebok, og ei klam hand held eit hardt grep om den vesle iPoden. Vatnflaska, framleis nesten full, dinglar frå eit lett grep med den andre handa.


Halv tre er eg framme. Etter ei lynkjapp melding til onkel om at eg har nådd målet, set eg meg ned. Jentene rundt meg pratar entusiastisk og høglydt. Eg er freista til å ta kontakt med gruppa på fire like framfor meg, mrn utan ordentleg kontroll på språket og med liten lyst til å trengje meg på, lar eg vere.


Etter eit par timar vert det plutseleg heilt stille i trappeoppgangen og alle jentene ser på meg. Ei av dei åpnar munnen. «Hey, Junge, gehst du auch an Panik?» lyd spørsmålet. Eg blir lettare satt ut av den plutselege merksemda og svarar det første eg kjem på; «Ich bin ein Mädchen.» Eit par bryt ut i hysterisk og flau latter og gøymer ansikta i henda. Unnskyldningane strøymer på, etterfulgt av mine «kein Problem, alles in Ordnung.»


Så byrjar alle å stille spørsmål. Det går rundt for den vesle hjernen min, som ikkje oppfattar eit einaste eit, og eg må seie som sant er, eg snakkar ikkje så godt tysk fordi eg er frå Noreg. Resten av den korte samtalen går på engelsk. Overraska gisp og «Sieht sie so aus?» blir utveksla når eg seier at eg er 17 år. Enno meir overraska vert dei når dei spør kven av bandmedlemma som er favoritten min, og eg svarar at eg ikkje har nokon. Mine håp om at fansen var så pass dedikerte at dei likte dei for musikken, ikkje utsjånad, får ei lita ripe.


Så trekk eg meg tilbake og det er berre å vente.


Klokka blir nærare sju før det skjer noko nytt. Fleire folk har møtt opp, så det blir trangt i den vesle trappeoppgangen. Folk byrjar å bli meir bevisste på kvar dei står, og alle vil vere fremst, så det er ikkje snakk om at nokon vil flytte seg og risikere å miste den mogelege gode plassen framfor scena. Lenger nede i trappa kan eg skimte Line, ei venninne av meg frå Danmark. Så blir dei første slepte inn. Og ikkje lenge etter blir det min tur.


Dei beste plassane like framfor scena er allereie kapra, men eg får berre eit par jenter framom meg. I ein time blir ståande der, spente, nervøse. Ventetida er nervepirrande og uuthaldeleg. Så, når klokka er nesten halv ni, får vi høyre det første teiknet til lyd bak scena. Eit gitarriff, noko spørjande.Enorm respons i form av hyling og skriking frå publikum i det vesle lokalet.


Og så er det i gang.


Aller første inntrykk når dei to vokalistane entrar scena er «Å herregud så store dei er.» Eg, med mine knappe 155 centimeter, eit par meter unna scena og som knapt kan sjå scenegolvet, hadde forestilt meg at eg ikkje kom til å sjå noko i det heile tatt. Men eg kan sjå dei klart som dagen; og hjartet spring løpsk når det går opp for meg at der er dei, gutane som har betydd så mykje for meg det siste året.


Akkurat slik eg hugsar det frå live-DVDen frå 2007, byrjar dei med «So Wie Du». Og når dei, like før bridgen, stoppar opp, veit eg kva rapparen deira Timo Sonnenschein kjem til å seie. Sekund seinare får eg bekrefta at eg har rett. «Das hier ist eine Kamera,» seier han og held opp ein mobil. Ein herleg følelse av nostalgi brer seg i kroppen. Dette er Panik slik eg kjenner dei.


Etter det går det fort, alt for fort. Dei vitsar og tøysar. Strålar av energi og glede og gir alt på kvar einaste song. Engasjerer publikum på ein måte eg aldri har opplevd før, og som eg kjenner heilt inn til ryggmargen. Dei viser fansen som har møtt opp at dei set pris på oss, akkurat som vi set pris på dei.


Men eit spesielt minne sit ekstra godt printa inn i hjernebarken: korleis bassist Christian Linke lyste opp då dei spelte «Keiner Merkt Es», som han har skriven sjølv. Eg kan framleis høyre stemma hans i hovudet frå då han kora på denne songen.


Det mest emosjonelle augeblikket kjem nesten mot slutten; kunn gitarist David Bonk og rapper Timo på scena. Etter konserten i Hamburg som er 10. desember, er det berre dei igjen av bandet. Det merkast på heile publikum at dette er to sterke songar, både med tanke på tekst og melodi, men òg med tanke på måten dei framfører songane på.


Etter eit par songar saman, kjem dei fire andre tilbake på scena. Dei har ein song igjen, og dette er absolutt ein av dei finaste. Denne er òg skriven Christian Linke. Og dei kunne ikkje valgt ein betre song å avslutte ein fantastisk konsert med.


Vorbei, vorbei die letzte Frage. Und ich weiss, verloren sind die Tage. Es ist vorbei, ich finde neue Ziele. Wieder frei, ich weiss es gibt so viele. Die Vergangenheit schweigt.



Vel tilbake på hotellrommet er klokka blitt eit. Det skal gå nesten eit døgn før eg er heime igjen. Flyet dagen etter skal bli utset fleire timar på grunn av Obama sitt besøk i Noreg. Det skal gå fleire veker før eg greier å ete og sove ordentleg igjen.


Men eg har sett bandet mitt live, eg har fått autografane deira og prata med fire av dei, deriblant min helt, mitt førebilete, nemleg Christian Linke, fordi eg òg spelar bass og alle har jo ein som driv med same grein som dei ser opp til. Konserten kunne ikkje gått betre. Eg kan ikkje bli lukkelegare når eg går og legg meg.


Men eg får ikkje sove den natta.



Av Silje Schjelderup

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar