
Førde-spelarane var tydeleg skuffa etter tapet på heimebane. F.v. Thomas Haug, Nils Numme, Geir Eithun, Ruben Inderøy og kaptein Tor Kristian Kvammen.
Laurdag 27.november spelte eliteherrane til Førde Volleyballklubb semifinale i cupen mot Nyborg. Herrane var klart skuffa etter tapet mot Begenslaget. Nyborg leiar eliteserien etter 8 kampar spelt. Førde har 6 kampar spelt.
Geir Eithun var den store spelaren gjennom heile kampen, og vart mest verdifulle spelar og enda opp med å slå inn 20 poeng. Eithun meinte etter kampen at denne kampen burde dei ha vunne. Også trenar Frank Kalstad tykte det var irriterande å vere så nære å sende serieleiaren ut av cupen.

Trenar Frank Kalstad var serleg skuffa over at laget ikkje klarte å presterte likt i alle setta. Men sjølv om dei gjekk på eit surt tap, ser Kalstad framover mot bronsefinale i cupen og dei neste kampane i eliteserien.
Settsiffera vart: 17-25, 25-20, 12-25, 25-19 og 11-15.
Foto: NRK SFJ/Rune Fossum