tirsdag 27. oktober 2009

Halloween

No er det ikkje lenge til Halloween, og elevane ved Hafstad vgs er klar til å kle seg ut og reise på Badabing for å more seg og oppleve ein kveld ein seint vil gløyme. Tema for kvelden er kjente skapningar, så det er berre å vere kreative og finne fram det ein har på loftet og i klesskapet. Kanskje du kan vere bestemora i Donald Duck eller ABBA, ein finn alltids noko å vere, berre ein er oppfinnsom.

Halloween er eit tema som mange meinar bryt den norske tradisjonen om å vere julebukk. Halloween er ein tradisjon som kjem frå USA der amerikanarane gjere veldig mykje ut av denne eine dagen. Symbol på Halloween er gresskar. Ein skjære ut mønster i eit gresskar ogt sette eit lys inni, slik at det lyser i mørke. Ungane tar på seg kostymer og går rundt frå dør til dør og seie ”knask eller knep”. Viss dei ikkje får noko godteri, hiv dei egg på husa og surra dopapir rudt alle busker og tre.
No er det berre å finne fram kostyme, skjære ut gresskar og gjere seg klar til Halloween-feiring. Ver forsiktig, du veit aldri kven som kjem på døra di.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar